Om Sunnmørsleia

(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir

tirsdag 7. juli 2015

"Betre enn Caminoen"

"Caminoen i Spania var bra.  Pilegrimsleia i Gudbrandsdalen var betre.  Men Sunnmørsleia er det beste me har opplevd!" 
Omtrent slik sa dei det, nokre erfarne pilegrimar som var med i gruppa som reiste som kystpilegrimar frå Borgund til Selja for å vera med på Seljumannamessa.


Tysdag 30. juni møtte 20 spente pilegrimar opp i Borgund kyrkje for å reisa “Sunnmørsleia” til Selja for første gong, og søndag 5. juli var dei framme ved målet:  Friluftsgudstenesta ute i klosterruinane på Selja.  På vegen var dei innom 8 kommunar, 12 kyrkjer og kyrkjestader, og reiste med 6 forskjellige båtar.  Eg som leia ei pilegrimsreise for første gongen, var minst like spent som deltakarane og dei andre som hadde førebudd reisa i lag med meg.  Responsen var overveldande positiv.

Eigentleg hadde me ein enkel dagsrytme:  Frukost med nistesmøring, morgonbøn og vandring eller båtreise.  Middag og kveldsbøn med delestund. I delestunda om kvelden sat me i ring og sende ein pilegrimsstav frå person til person.  Den som hadde staven, kunne seia nokre ord om kva som helst av det dei hadde av inntrykk eller tankar frå dagen, eller dei kunne senda staven vidare.  På denne måten fekk alle komma til orde viss dei ville. 

Me som reiste i lag, hadde ulik bakgrunn, med stor spennvidde i forhold til kristen tru og spiritualitet.  Men i bønene og i kyrkjeromma fekk me samlast rundt Jesus og kjenna på at Gud omgir oss på alle sider.   Songen vart viktig for oss på denne reisa.  Med Arne Tunheim i spissen danna me spontant eit lite kor. Eine kvelden sat me lenge og song firstemde salmar i halvmørket i den vesle stova i det gamle Bragehuset på Voksa. Mange opplevde møtet med dei gjestmilde folka på Voksa som noko heilt spesielt. 

Undervegs møtte me mange fantastiske menneske.  Den nest siste dagen, då skodda hindra oss frå å gå over fjellet frå Dragseidet til Selje, ringde soknepresten Kari Leine Balog etter gode venner som gav bilskyss til heile gruppa.


Konklusjonen etter denne første gjennomføringa av pilegrimsreise langs Sunnmørsleia, er at me vil prøva å få dette til neste år også.  Seljumannamessa er alltid første søndagen i juli.

Lik Sunnmørsleia på Facebook!  Her finn du mange fleire bilde frå turen. 

fredag 15. mai 2015

Besøk middelalderkyrkja St. Jetmund på Åheim. Kyrkja kan vere ei av dei eldste kyrkjene i Noreg.


Ei gamal segn fortel at den engelske helgenen St. Edmund grunnla den første kyrkja på Åheim. Han kom reisande frå Nordfjord og gjekk over Maurstadeidet. Då han kom fram til den staden som framleis blir kalla Jetmundleitet og såg den vakre Åheimsbygda, bestemte han seg for at der nede skulle kyrkja liggje. Han la seg til å sove på ein stein, som i ettertid har fått namnet Jetmundsteinen. På den tida var det skikk at den som skulle byggje, først måte sove der bygget skulle stå. Vart det ein roleg søvn, varsla det hell i arbeidet. Edmund hadde ein roleg søvn, og gjekk straks i gong med arbeidet og fekk reist kyrkja. Han vart difor gjort til helgen for kyrkja.

St. Edmund var engelsk konge. Han vart drepen av vikingar og leid martyrdøden på 900-talet. I England er klosteret Bury St. Edmund bygd til ære for han.
Kyrkja er i romansk stil, med runde bogar i vindauge og døropningar. Preikestolen er frå 1630 og alterbiletet frå hollandsk middelalder. Kyrkja vart seld på auksjon i 1724 og var i privat eige i 129 år. Kommunen løyste den ut i 1853. Det vart strid i soknet om kyrkja skulle flyttast til ein meir sentral stad. Resultatet vart at det vart reist ei ny og større soknekyrkje på Slagnes, og St. Jetmundkyrkja vart riven i 1863. Stein frå kyrkja vart brukt til bygging rundt om i bygda. Berre restar av grunnmuren stod att.
På 1930-talet byrja ein arbeidet med å byggje opp att kyrkja. Bygningsstein vart samla inn frå gardane i området, og kyrkja vart bygd etter skisser frå før rivinga. Under restaureringa i 1937 fann ein ei marmorblokk med ein kross som er uthogd og innfelt i marmorblokka. Denne blokka er i dag plassert over utgangen i sørveggen. Plasseringa kan ha hatt ein kapitel eller religionsk funksjon. Kva kors er dette? Forskarar og historikar har ennå ikkje kunne gitt oss eit tilfredstillande svar på denne spennande detaljen i kyrkja. 

The church of St. Jetmund (Edmund)

The church of Saint Jetmund (Edmund) dates back to approx. 1150. Its name originates from the English king Edmund. According to the legend, he came travelling across Maurstadeidet, and resting at the place still named Jetmundleite, he pointed out the position of the church. King Edmund was killed by vikings during the 10th century, and was later on canonized a saint. The construction of the church was probably also related to the geographic vicinity to the convent of Selje.

Omvisning / Guide: Britt Løvold, tlf. 979 58 234 eller/ or Jetmund Gjesteheim 903 68 029


torsdag 7. mai 2015

Pilegrimar langs kysten

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar.  "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre.  Sommaren 2015 går den første pilegrimsreisa frå Borgund i Ålesund til Selje kloster, og leia går gjennom kystkommunane Giske, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Hovudleia langs kysten går sjølvsagt med båt, men i arbeidet med "Sunnmørsleia" legg me opp til ei rute som også inneheld vandreturar over land der det er naturleg.

Fleire detaljar for Sunnmørsleia 2015, finn du her.

Målet for sommarens pilegrimsreise er Seljumannamessa på Selje kloster søndag 5. juli.  Turen er også registrert som ein del av arrangementet "Klimapilegrim 2015".