Om Sunnmørsleia

(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir

tirsdag 7. juli 2015

"Betre enn Caminoen"

"Caminoen i Spania var bra.  Pilegrimsleia i Gudbrandsdalen var betre.  Men Sunnmørsleia er det beste me har opplevd!" 
Omtrent slik sa dei det, nokre erfarne pilegrimar som var med i gruppa som reiste som kystpilegrimar frå Borgund til Selja for å vera med på Seljumannamessa.


Tysdag 30. juni møtte 20 spente pilegrimar opp i Borgund kyrkje for å reisa “Sunnmørsleia” til Selja for første gong, og søndag 5. juli var dei framme ved målet:  Friluftsgudstenesta ute i klosterruinane på Selja.  På vegen var dei innom 8 kommunar, 12 kyrkjer og kyrkjestader, og reiste med 6 forskjellige båtar.  Eg som leia ei pilegrimsreise for første gongen, var minst like spent som deltakarane og dei andre som hadde førebudd reisa i lag med meg.  Responsen var overveldande positiv.

Eigentleg hadde me ein enkel dagsrytme:  Frukost med nistesmøring, morgonbøn og vandring eller båtreise.  Middag og kveldsbøn med delestund. I delestunda om kvelden sat me i ring og sende ein pilegrimsstav frå person til person.  Den som hadde staven, kunne seia nokre ord om kva som helst av det dei hadde av inntrykk eller tankar frå dagen, eller dei kunne senda staven vidare.  På denne måten fekk alle komma til orde viss dei ville. 

Me som reiste i lag, hadde ulik bakgrunn, med stor spennvidde i forhold til kristen tru og spiritualitet.  Men i bønene og i kyrkjeromma fekk me samlast rundt Jesus og kjenna på at Gud omgir oss på alle sider.   Songen vart viktig for oss på denne reisa.  Med Arne Tunheim i spissen danna me spontant eit lite kor. Eine kvelden sat me lenge og song firstemde salmar i halvmørket i den vesle stova i det gamle Bragehuset på Voksa. Mange opplevde møtet med dei gjestmilde folka på Voksa som noko heilt spesielt. 

Undervegs møtte me mange fantastiske menneske.  Den nest siste dagen, då skodda hindra oss frå å gå over fjellet frå Dragseidet til Selje, ringde soknepresten Kari Leine Balog etter gode venner som gav bilskyss til heile gruppa.


Konklusjonen etter denne første gjennomføringa av pilegrimsreise langs Sunnmørsleia, er at me vil prøva å få dette til neste år også.  Seljumannamessa er alltid første søndagen i juli.

Lik Sunnmørsleia på Facebook!  Her finn du mange fleire bilde frå turen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar