Om Sunnmørsleia

(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir

tirsdag 3. mai 2016

Pilegrimsreise med NMS region Møre

Det vart for få som melde seg  på pilegrimsreisa langs Sunnmørsleia frå Giske til Selja i år.  Dei som melde seg på, har fått tilbod om heller å bli med på ei kortare reise som Det Norske Misjonsselskap (NMS), region Møre arrangerar den same veka.  Denne reisa startar i Hareid kyrkje torsdag 30. juni og har Seljumannamessa på Selja som mål den 3. juli.

Denne turen er den tredje reisa langs Kystpilegrimsleia som NMS Møre har  ansvar for.  Dei starta på Smøla i 2014 og kom til Giske i fjor.  Det blir truleg rundt 30 deltakarar på denne turen.
Frå Seljumannamessa 2015. Foto: Berit Stokseth

fredag 11. mars 2016

Sunnmørsleia til Selja sommaren 2016

Bli med på ei pilegrimsreise over fjord og fjell til Seljumannamessa på Selje kloster.
Avlyst.  Sjå innlegg ovanfor. 
Tid: 28. juni til 3. juli 2016
Pris: 5000,-
Leiar: Sokneprest i Giske og Vigra, Geir Sakseid
Påmeldingsfrist: 1. mai.  Maks 19 deltakarar.

Turen startar i Giske kyrkje like ved Ålesund tysdag kl 12.  Vi brukar ulike former for båttransport, og går over øyar og fjell sørover, og endar opp i Selje sentrum laurdag ettermiddag. Søndag morgon tar vi felles båtskyss over til klosterøya Selja, og blir med på Seljumannamessa.

Sjå elles brosjyra med detaljert program her.