Om Sunnmørsleia

(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir

Giske

Giske kyrkje er eit naturleg mål for kystpilegrimar. Marmorkyrkja frå 1100-talet får kvart år besøk av mellom ni og ti tusen turistar som kjem med buss frå cruise-skip som legg til i Ålesund.  Men det er ikkje berre turistar av denne typen som kjem.  Også pilegrimar som vil oppdaga den gamle kystleia, kjem innom hit.

Her kan du lesa meir om kyrkja:  Giske kyrkje - eit klenodium i norsk mellomalder-arkitektur.

Opningstider i turistsesongen:  9-17 frå slutten av juni til midt i august.   Utanom opningstidene kan grupper få omvisning etter avtale. Ring kyrkjetenar Inger Magelssen Godø, tlf 95068366

Giskespelet: Annakvart år blir det sett opp eit historisk spel like ved kyrkja.  Les meir her.

Korleis komma hit

Buss nr 664 frå Ålesund stoppar like ved kyrkja. Har du sykkel, må du ta hurtigbåten til Valderøya og sykla 6 km. Vel du å gå frå hurtigbåtkaien, bør du rekna mellom ein og to timars vandring til kyrkja, alt etter kva rute du vel å gå.

Sjølvsagt kan du også legga til med båt på kaia. Heilt inst i båthamna ved Giske kyrkje er det ei lita gjestebrygge med tilgang til straum og vatn.



Meir info om Giske kommune: 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar