Om Sunnmørsleia

(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)

Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir

Oversikt


Sjøleia er meir fleksibel enn ei pilegrimslei langs land. Vegvalet vil variera, alt etter kva framkomstmiddel ein brukar, om ein reiser med stor eller liten båt, privat eller kollektivt, i gruppe eller åleine.  Dette kartet  viser kor me la ruta sommaren 2015, med ei gruppe på  20 personar og med fleire ulike framkomstmiddel. Ruta gjekk frå Ålesund, via Giske, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven til Selje.

Rutene over land er enno ikkje merka, og det varierar frå stad til stad kor langt ein er komen i arbeidet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar