Denne turen er den tredje reisa langs Kystpilegrimsleia som NMS Møre har ansvar for. Dei starta på Smøla i 2014 og kom til Giske i fjor. Det blir truleg rundt 30 deltakarar på denne turen.
![]() |
| Frå Seljumannamessa 2015. Foto: Berit Stokseth |
Ein del av Kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Trondheim.
(Desse sidene blei laga i 2015, då arbeidet med Kystpilegrimsleia framleis var i støypeskeia.)
Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Les meir
![]() |
| Frå Seljumannamessa 2015. Foto: Berit Stokseth |
"Caminoen i Spania var bra. Pilegrimsleia i Gudbrandsdalen var betre. Men Sunnmørsleia er det beste me har opplevd!"
Undervegs møtte me mange fantastiske menneske. Den nest siste dagen, då skodda hindra oss
frå å gå over fjellet frå Dragseidet til Selje, ringde soknepresten Kari Leine
Balog etter gode venner som gav bilskyss til heile gruppa.
Sjøvegen var den vanlegaste leia for pilegrimar til Nidaros i mellomalderen. I våre dagar blir kystpilegrimsleia lansert på nytt for moderne pilegrimar. "Sunnmørsleia" har me kalla strekninga mellom Stad og Nordre Sunnmøre. Sommaren 2015 går den første pilegrimsreisa frå Borgund i Ålesund til Selje kloster, og leia går gjennom kystkommunane Giske, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.